Mamma blei 60 år den 18. mars, og i den anledning har eg laga eit lite kort-album til ho. Det tok litt lang tid, kanskje mest fordi eg er nybegynner, men det var veldig enkelt! Fekk oppskrifta på Familieminner (ein flott scrappebutikk her i Ålesund). Fornøgd med resultatet, håpar Mamsi blir glad for å få det også :)
Dette er framsida. Heile albumet er lukka og knytta sammen med eit sløyfeband.

Slik ser kort-albumet ut ovenfra når det er åpna og innsida vender ut. Framsida og baksida vender mot kvarandre og er knytta sammen med bandet slik at kortet held seg åpent.

Under er alle sidene med bilder, tekst og pynt. Dumt at eg skriv på nynorsk sjølv, mens tekstane på stempela er på bokmål. Men eg sviktar ikkje nynorsken av den grunn ;) kanskje eg skal starte mitt eige stempelmakeri med nynorske tekstar? Hehe... Så viktig er det kanskje ikkje.
