mandag 21. september 2009

Pop-up kort

Her er bryllups-/farvelkortet eg laga til Kathrine og Frode i sommar rett før eg flytta frå Ålesund til Trondheim. Fant ei spennande oppskrift på Pop-up kort på nettet og bestemte meg for å prøve. Det var ganske enkelt, utfordringa var igrunn berre å holde tunga rett i munnen når eg skulle måle opp og skjære riktig i papiret så det kunne brettast og limast ihop. Eg brukte ikkje mindre enn tre forsøk før eg fikk til et forsøkskort - heldigvis ikkje med dyrt papir! Etter det var det isi pisi. Anbefalast å prøve :)

Slik blei framsida sjåande ut. Baksida gjor eg temmelig enkel, berre med et hjertestempel viss eg huskar riktig.

Slik ser det ut når ein åpnar det.

Og her har eg dratt ut dei to skiftlappane eg hadde i. Berre fantasien set ein stoppar for kva ein kan pynte med - som alltid. Lyst å begynne å male stempelbilda òg, men har ikkje investert i nødvendig utstyr enno. Kanskje det blir det neste :)
Irriterar meg litt at det ikkje finnast stempel på nynorsk, for det kræsjar slik med det eg sjølv skriv på kortet. Dette har eg og Kathrine fabulert mykje om - skulle ikkje eg og ho starta produksjon av stempel på nynorsk? ;) det er det nok godt marked for! Hehe... I alle fall et koslig kort å gi vekk, dei to turtelduene som fekk det blei glade :)