torsdag 14. januar 2010

Award! Hurra!




Camilla har vore sååå søt og gitt meg en liten award! Eller, den e stor i mine auger då!!
"Kreativ Blogger-award" :D Utruleg stas, synes eg.

Til denne awarden følger det med nokre oppgåver. Og dei tenkte eg no at eg skulle starte på!




Oppgåvene er som følger:

Dei to første er greie:
1: Kopier awarden på bloggen din. - check!
2: Link til personen som gav deg awarden. - check!

Men så blir det verre:
3: Fortell 7 interessante fakta om deg selv.
Om dei blir så veldig interessante veit eg ikkje, men skal prøve...
(1) Er skikkelig redd for vaskekjellaren i blokka mi, for eg trur det bur ein skummel mann i ei svær pappøskje inne på lagerrommet der nede.
(2) Snakka ofte med meg sjølv i spegelen når eg er nervøs, feks viss eg skal tolke noko vanskelig, kan eg stå og spele ut situasjonen slik eg trur den blir for meg sjølv.
(3) Likar godt det vante, og har feks fast morgenrituale. Kan ikkje føne håret før eg har smurt matpakken og sminka meg liksom - hallooo!
(4) Når Runar er vekke, seier eg hadet inni meg til bildet av Runar og meg sjøl som heng i gangen, kvar morgon når eg skal på jobb. Berre litttt forelska nemlig... ;)
(5) Snakkar ein god del i søvne, og vi har derfor ei bok der vi blant anna skriv ned morsomme ting som er komt opp frå oss begge i løpet av natta.
(6) Skryt på meg å vere bestevenn med Sylfest Lomheim, men sannheita er vel berre at eg sat ved sidan av han og åt lunsj på ein konferanse der eg tolka han.
(7) Blir så skremt av skumle filmar (berre eg som synes dei er skumle vel å merke), at eg kan finne på å hoppe i setet, slå armane ut og søle popkorn over meg sjølv og andre i kinosalen.

Puh! Då blir det enklare igjen:
4: Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til.
5: Link til deres blogger.
6: Legg igjen en kommentar i bloggen deres, så de får vite om awarden.

Mine utvalgte er:
(1) Kathrine si verd
(2) Hellechr
(3) Cille's lille blogg
(4) Heimlaga
(5) Frøken IJs lille boble
(6) Litt-av-kvart
(7) Og so må eg berre gi awarden tilbake til Camilla Jin, for ho er så flink, men ho skal sleppe å ta utfordringa ein gong til altså ;)
 
Då gledar eg meg til å sjå kva som kan dukke opp på dåkka side etter kvart! :)

onsdag 13. januar 2010

Forsøk på å vere godt kjerringemne

Denne veka har eg hatt eit par frikveldar utan planar. Eg fant ut at no måtte skuldrar og armar få kvile litt, så hekling blei det ikkje so mykje av. Baking blei heller det eg sysselsatte meg med! Og det var jammen kjekt :) Laga først noko sunt og godt, nemlig grove rundstykke (eller knutar då). Hadde sammalt grov kveitemjøl, solsikkekjerner og linfrø i deigen, i tilleg til sammalt fint kveitemjøl. Nam!



Så blei det samtidig ei finare deig med berre litt sammalt grov kveitemjøl i og ellers fetaost med tørka tomat og oliven. På toppen dryssa eg Urtemix frå Tilbords, og ost :) Kjempegodt med slike brødpinnar til suppe, salat, pasta osv. Eller berre med pålegg sjølvsagt :)



Dag nr 2 måtte eg jo prøve å vege opp for den i alle fall halvveis sunne gårsdagen. Sjølvsagt. Korleis? Jo, ved å bake sjokoladecookies!! Oppskrifta har eg frå Kathrine, og den er så utrulig god og praktisk! Ein kan lage ein stor porsjon deig, og så fryse ned det ein ikkje vil steike med ein gong. Så når det plutselig kjem venner uanmeldt på besøk, har ein noko godt i frysaren som berre er å plukke fram og hive i ovnen - uten tining først! Eg lagde dobbel porsjon og endte opp med 8 rullar på ca 20 cm. Av "fyll" hadde eg i hakka lys og (litt) mørk sjokolade, litt hakka cashewnøtter og rosiner. Hadde egentlig tenkt å ha i tørka fersken, men det hadde eg visst ikkje i skuffa likevel. Det får bli neste gong :)



Slik ser deigrullen ut, før den blir pakka i matpapir og/eller plast og lagt i frysaren. Eller skåren opp, steikt og ete...... ;)




Og slik ser dei ut når dei er ferdige - mmmh... Kan love at det smakte!! :)
Runar kjem til byen på fredags morgon, og no har eg altså både frukosten og kveldskosen klar! Så, høyrte eg nokon seie bra koneemne? Kremt...



Med ein kopp te til, blei det veldig koslig å sette seg ned forran TV'en. Og som de ser blei det litt hekling likevel :S Har begynt på ei hue med øyreklaffar i deilig alpakka til turgåing. I tillegg lagde eg nokre søte blomster av restegarn som eg sydde fast ei nålspenne bakpå. Brukar å feste dei på hua, gensaren eller jakka - så får ein pynta opp eit ellers kjedeleg tolkeantrekk ;)


lørdag 9. januar 2010

Romjulstur til søstrene på sør-vestlandet :)

Når jula var over, måtte Runar dra ut på havet for å jobbe litt igjen. Då dro eg, mamma og pappa til Skjold for å besøke eldstesøster Sølvi og co ein kort tur, for så å reise vidare til Sandnes til mellomstesøster Linda og familien. Der blei det blant anna eit koslig besøk til Soma Gård, ein åpen gård i Sandnes. Tantebarna mine, Signe på 4 år og Tormod på 2 år, kosa seg veldig med å gå rundt for å sjå på dyra. Tobben likte spesielt godt grisane og ville helst vere i binga hos dei heile tida, men turte ikkje heilt å ta i dei ;) då er det godt å ha ei litt tøffare storesøster å gøyme seg bak!



Eg likte best kalvane, dei var tame og glade i kos! :)
Og legg merke til dei fine, raude Ilse Jacobsen-støvlane mine - dei fekk eg nemleg med Runar til jul!! I love them!! Og han sjølvsagt ;)



Så blei det hopping i høyet for ungane sin del. Langt ned for minstemann, men han hoppa modig uti når mora stod klar for å ta imot. Trur faktisk han kunne funne på å hoppa uti heilt aleine òg :S





Takk for fine dagar :)
No er eg ferdig med første jobbveka i 2010 og er veldig glad for helg! Tungt å komme igong, reknar med det er slik for fleire andre? Men neste veke blir nok bedre igjen. Då kjem Runar heim òg, det er STOR stas! :)

onsdag 6. januar 2010

Juleminner som gjer ein varm :)

I denne kuldeperioden vi er inne i no, hjelper det å sjå tilbake på bilda frå jula :) eg vil vise litt av det eg har styrt med i advent og jula. Det blei nokre få julekort, berre til mine to systre og mamma/pappa. Neste år får eg kanskje heller lage fleire, men litt enklare kort, slik at nokre vennar her og der i landet òg får ;) kortet fant eg oppskrift på på Kreativ Hobby sine heimesider.





Her har eg brukt borrelås-merker for å holde kortet saman (plassert på undersida av arket der blomsten er). Det var ein litt morsom vri syntes eg :) går òg an å bruke ein fin binders e.l. sjølvsagt.

Laga òg tre slike cover-kort til sjokoladeøskjene "Melkehjerter". Laga ei lomme under oversida som eg kunne putte eit påskreve kort inni. Drar det ut på høgre side der med dei to kvite blomstrane.



Kosleg å pakke inn gåver og lage til-frå lappar :) Camilla fekk meg til å få heeeeilt dilla på vintage-bilder i adventstida, så det blei slik stil på alt eg laga av kort og slikt til jul ;)



I ein av pakkane til Runar var desse heimelaga tøflene ;) varme og gode om ikkje anna.



Fredag 18. desember var det endelig tid for juleferie :D Då satte eg og Runar oss i bilen og køyrde heim til Sandane ilag. Lang tur på 7,5 timar, men med godt selskap er ikkje det nokon distanse ;) Måtte pynte litt til jul i huset til Runar, så då blei det eit par lysfat.





Ein kveld laga og pynta vi peparkaker ilag med lillesystra til Runar, Ragnhild. Det var stor stas! :D Hengte opp litt hjerter i vindauga, feks det eg har laga under ;) Det var langt frå det finaste, dei var det nemleg Runar som fikk til! Men for å få vist fram dei må han lage sin eigen blogg... ;) (høyrte eg nokon seie misunneleg...??)



Så til eit av julas høgdepunkt: Hogging av juletre på lille julafta :D Det var verkeleg stor stas, mykje av julestemninga kom på plass då :) Vi fant ei veldig fin furu (tradisjon i Runar sin familie) som fekk bli med oss heim i stova.





Treet måtte jo pyntast, og det blei eit skikkelig retro-tre!! Vi brukte den julepynten som var på loftet hos Runar, som har tilhøyrt beste- og oldeforeldra hans. Der var jammen mykje artig og fint! :) biletet er ikkje av nokon god kvalitet, det er tatt utan blitz sidan juletrea mistar sin sjarm i flombelysning...



Då var alt klart for julekos :) mi eldste søster Sølvi kom heim med mannen Oddvar, min nevø Olav på to år og ein foreløpig ufødt liten baby i magen ;) Olav synes Runar er ein veldig kjekk kar sidan han har gård med store traktorar og gravemaskin og andre spanande køyretøy. Han tok til og med med seg to blad med fine bilete av John Deere- og Massey-traktorar og -tilbehør som Olav fikk, og betre enn det kan det rett og slett ikkje bli! Han har full kontroll på både skurtreskar, rundballepresse og alt det andre. Såg litt på fuglane ute gjor dei òg. To fine gutar - eller kva? :)