onsdag 13. januar 2010

Forsøk på å vere godt kjerringemne

Denne veka har eg hatt eit par frikveldar utan planar. Eg fant ut at no måtte skuldrar og armar få kvile litt, så hekling blei det ikkje so mykje av. Baking blei heller det eg sysselsatte meg med! Og det var jammen kjekt :) Laga først noko sunt og godt, nemlig grove rundstykke (eller knutar då). Hadde sammalt grov kveitemjøl, solsikkekjerner og linfrø i deigen, i tilleg til sammalt fint kveitemjøl. Nam!



Så blei det samtidig ei finare deig med berre litt sammalt grov kveitemjøl i og ellers fetaost med tørka tomat og oliven. På toppen dryssa eg Urtemix frå Tilbords, og ost :) Kjempegodt med slike brødpinnar til suppe, salat, pasta osv. Eller berre med pålegg sjølvsagt :)



Dag nr 2 måtte eg jo prøve å vege opp for den i alle fall halvveis sunne gårsdagen. Sjølvsagt. Korleis? Jo, ved å bake sjokoladecookies!! Oppskrifta har eg frå Kathrine, og den er så utrulig god og praktisk! Ein kan lage ein stor porsjon deig, og så fryse ned det ein ikkje vil steike med ein gong. Så når det plutselig kjem venner uanmeldt på besøk, har ein noko godt i frysaren som berre er å plukke fram og hive i ovnen - uten tining først! Eg lagde dobbel porsjon og endte opp med 8 rullar på ca 20 cm. Av "fyll" hadde eg i hakka lys og (litt) mørk sjokolade, litt hakka cashewnøtter og rosiner. Hadde egentlig tenkt å ha i tørka fersken, men det hadde eg visst ikkje i skuffa likevel. Det får bli neste gong :)



Slik ser deigrullen ut, før den blir pakka i matpapir og/eller plast og lagt i frysaren. Eller skåren opp, steikt og ete...... ;)




Og slik ser dei ut når dei er ferdige - mmmh... Kan love at det smakte!! :)
Runar kjem til byen på fredags morgon, og no har eg altså både frukosten og kveldskosen klar! Så, høyrte eg nokon seie bra koneemne? Kremt...



Med ein kopp te til, blei det veldig koslig å sette seg ned forran TV'en. Og som de ser blei det litt hekling likevel :S Har begynt på ei hue med øyreklaffar i deilig alpakka til turgåing. I tillegg lagde eg nokre søte blomster av restegarn som eg sydde fast ei nålspenne bakpå. Brukar å feste dei på hua, gensaren eller jakka - så får ein pynta opp eit ellers kjedeleg tolkeantrekk ;)


7 kommentarer:

  1. Nå ble jeg sulten! Og det var bra, siden jeg ikke har spist på et par dager ;)

    Kikk innom bloggen min da! Har noe som ligger og venter på deg der ;)

    Klem, cj

    SvarSlett
  2. Sender du litt bakelyst hitover? ;) Så godt ut. Takk for awarden, det blir noen fakt om meg i bloggen etter hvert :)

    SvarSlett
  3. Uff ja Camilla, mat må til! Håpar forma er bedre etter kvart, det er berre å holde seg heime på sofaen så lenge.

    Litt bakelyst skal bli, ij, og so gledar eg meg til å sjå facts ;)

    SvarSlett
  4. To...to HUNDRE kjerringemnepoeng til deg ;) Æ glææær mæ !!

    SvarSlett
  5. Knis fnis ;) det gjer jammen eg òg!

    SvarSlett
  6. Ingen e beire kjerringemne enn deg! ;)
    Eg og Theodor baka cookies i forgårs, namnam!! Fekk fryktelig lyst på alt du hadde laga her eg sitte sulten og kjeda meg på et hotellrom i Alta..
    Takk for award, eg grua meg til å fylle den ut. :p

    SvarSlett