søndag 6. desember 2009

Adventslys

I dag er det andre søndag i advent, og det er på tide at eg viser fram adventslys-kreasjonen min :) Tok litt tid før eg kom igong med den, måtte først samle litt inspirasjon frå diverse andre bloggsider. Camilla sin feks synes eg var veldig fin :) akkurat slik som hennar, blei min versjon òg med papirbilder - så lystenninga må nytast med nøye ettersyn!



No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn,
i krubba lagt på strå.
 
No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far,
vil sende Sonen sin.

.....

Tek med litt detaljbilete frå kvart lys òg. Lysa (både kvite kubbelys og små lilla lys) har eg kjøpt på Rema 1000, det same med steinane. Fatet kjøpte eg rett og slett på Nille for 10 kr! Rart kva ein kan finne når ein berre leitar litt. Pyntet er henta frå srappesakene mine, bildene er frå Bikuben.













God adventstid til alle :)

fredag 30. oktober 2009

Eit lite kjærestebilete :)

Når ein har kjærest som jobbar to veker på havet med altfor jamne mellomrom, blir det mykje biletsjåing langsmed i ventetida. Dette biletet er av favorittane mine :) No kjem han dere gode guten til høgre endeleg heim att på mandag, berre to dagar igjen! :D


Trekkspelkort

Då var det tid for litt blogging igjen! :) tenkte å vise fram en korttype som eg har vore litt hekta på i det siste, et trekkspelkort. Det kan brukast i mange samanhengar, og kan pyntast på mange måtar inni. Eg har brukt det mest som bursdagskort, både til store og til små :)

Slik ser det ut når det er pakka ihop. Framsida:




Og baksida:



Når ein åpnar det blir det altså slik:


Mange sider ein kan gjere mykje kjekt med :) Eg tar med eit anna eksemplar som viser betre korleis det er bretta:




mandag 21. september 2009

Pop-up kort

Her er bryllups-/farvelkortet eg laga til Kathrine og Frode i sommar rett før eg flytta frå Ålesund til Trondheim. Fant ei spennande oppskrift på Pop-up kort på nettet og bestemte meg for å prøve. Det var ganske enkelt, utfordringa var igrunn berre å holde tunga rett i munnen når eg skulle måle opp og skjære riktig i papiret så det kunne brettast og limast ihop. Eg brukte ikkje mindre enn tre forsøk før eg fikk til et forsøkskort - heldigvis ikkje med dyrt papir! Etter det var det isi pisi. Anbefalast å prøve :)

Slik blei framsida sjåande ut. Baksida gjor eg temmelig enkel, berre med et hjertestempel viss eg huskar riktig.

Slik ser det ut når ein åpnar det.

Og her har eg dratt ut dei to skiftlappane eg hadde i. Berre fantasien set ein stoppar for kva ein kan pynte med - som alltid. Lyst å begynne å male stempelbilda òg, men har ikkje investert i nødvendig utstyr enno. Kanskje det blir det neste :)
Irriterar meg litt at det ikkje finnast stempel på nynorsk, for det kræsjar slik med det eg sjølv skriv på kortet. Dette har eg og Kathrine fabulert mykje om - skulle ikkje eg og ho starta produksjon av stempel på nynorsk? ;) det er det nok godt marked for! Hehe... I alle fall et koslig kort å gi vekk, dei to turtelduene som fekk det blei glade :)

tirsdag 28. april 2009

Tulletante og tullejente

Koffor er det slik at eg alltid har lyst å blogge når eg egentlig ikkje har tid? :) jaja.. Tenkte eg skulle legge ut bilder av en type panneband eg laga i påska til meg og det herlige tantebarnet mitt. Oppskrifta fikk eg av Kathrine, trur ho fant den i nåken andre sin Blogg. Fekk sjå henna produkt først og MÅTTE lage det sjøl etterpå ;) Kjempedigg panneband i Alpakka (Mirasol) som er breidt framme og smalna inn bakover. Syr i en knapp bak og vidda kan derfor justerast - det er fleire knappehol innover. Både eg og niesa mi har brukt det mykje :) må lage ett til i LILLA til meg sjøl ;)

Lat formiddag i påska - Bonanza står på i bakgrunnen! Små-harry ;)



I påskefjellet - vi var nemlig aktive også! Signe var veldig flink å gå på ski, men syns nok at det aller kjekkaste var å få sitte på akebrettet mens tanta på ski drog ho etter seg. Her tar vi en pust i bakken og ete sjokolade. MASSE sjokolade :P

søndag 5. april 2009

Mamsi 60 år :)

Mamma blei 60 år den 18. mars, og i den anledning har eg laga eit lite kort-album til ho. Det tok litt lang tid, kanskje mest fordi eg er nybegynner, men det var veldig enkelt! Fekk oppskrifta på Familieminner (ein flott scrappebutikk her i Ålesund). Fornøgd med resultatet, håpar Mamsi blir glad for å få det også :)

Dette er framsida. Heile albumet er lukka og knytta sammen med eit sløyfeband.



Slik ser kort-albumet ut ovenfra når det er åpna og innsida vender ut. Framsida og baksida vender mot kvarandre og er knytta sammen med bandet slik at kortet held seg åpent.


Under er alle sidene med bilder, tekst og pynt. Dumt at eg skriv på nynorsk sjølv, mens tekstane på stempela er på bokmål. Men eg sviktar ikkje nynorsken av den grunn ;) kanskje eg skal starte mitt eige stempelmakeri med nynorske tekstar? Hehe... Så viktig er det kanskje ikkje.



Bloggaren Anne Britt

Då er eg i gang med min eigen blogg! Det blir neppe ei veldig fancy side, men alt eg treng er egentlig ein plass å dele idear til handarbeid med venner og familie. Gledar meg til å sjå korleis dette fungerer :)