lørdag 29. mai 2010

Dyrene i Afrika

For ei vekes tid sidan kom eg heim att frå ein jobbtur til Eritrea. Det var ein fantastisk flott tur og eg tok med meg mange gode minner tilbake. Det er eit veldig forskjellig land frå Norge, så det blei mange nye inntrykk å fordøye. Her er nokre bilder som viser litt av det eg har opplevd :)



Kamelar og esel i gatene er heilt vanleg i Afrika. Vakre og morsomme dyr, begge to :)


Mange hadde slike traller som dei gikk og skubba på. Få bilar der, så man bruker hva man haver.



Spanande mat med tidvis sterkt krydder. Ikkje alt blei ein hit hos meg, men artig å prøve :)


Desse reklameskilta var over alt. Det er faktisk ei kondomreklame med teksten: "...Because life is everything!" Kondomar var å finne på alle hotellrom i nattbordskuffa. Bra at dei set igang slike tiltak for å bekjempe Aids.


Mange murar var toppa med knuste flasker for å hindre folk i å klive over. Lite hyggelig, men heilt sikkert effektivt!




Vakre Eritrea :) Får de sjansen til å dra dit ein gong, må de slå til! Det anbefalast på det sterkaste :) Det har sjeldan vore så godt å komme heimatt og ta ein dusj på sitt eige bad og ete ei skive grovt brød med brunost for så å finne si mjuke, komfortable seng for natta. Vi er heldige som bur i Norge, det må vi prøve å hugse på :)

fredag 16. april 2010

Liten kar møter stor traktor

I påska hadde Runar og eg besøk i Runar sitt hus av foreldrene mine og søstrene mine med familiar. Det var jammen koslig :) det blei full omvising i huset - der er mange gamle, spennande ting å sjå på. Høgdepunktet for tanteungane mine var imidlertid å få sitte på i ein av traktorane Runar har på gården heime! Trur forresten det var ein svoger eller to som ikkje var så reint lite begeistra òg.


Liten kar eller stor traktor? Eller begge deler.


Øn øøøøøn! Tut!


Høg trivselsfaktor :)

Takk for besøket :) Ser fram til reprise i sommar.

onsdag 14. april 2010

Kjærestebilde i djup Ikea-ramme

For litt sida fekk Runar eit innramma bilete av oss to til å ha heime i huset. Ramma er foreløpig i feil farge,  men med ei brun eller kvit blir det nok bra :) Slike prosjekt er ganske kjekke synes eg. Det er ikkje nødvendigvis så veldig tidkrevjande (sjølv om eg brukte ein god del tid på den her då, vanskelige fargekombinasjonar pga naturbilde), og ei slik ramme på Ikea kostar berre 60 kr. Synes dette bildet av oss to er så søtt, for fjellduken vi har rundt oss formar seg liksom som eit hjarte rundt oss. Det oppdaga vi ikkje før etterpå. Sjølv naturen er på vårt lag! ;) hehe..


mandag 12. april 2010

Dåpskort

Då var påska over og dermed er òg dåpen til min nye nevø Even gjort unna. Det var han som skulle få det andre popup-kortet eg hadde laga, med ein noko betre effekt enn det forrige.


Det eg gjor denne gongen var å lage to flippar som kan dragast opp. Den fremste flippen vart som før, det er den popup-effekta er limt fast i og kan derfor ikkje dragast heilt ut. Eg gjor sjølve flippen som stikk opp smalare enn sist. Slik ser det ut innvendig:


Den bakerste flippen derimot, er laus og kan trekkast heilt ut og skrivast ei helsing på. På dette kortet skreiv eg nederst navnet på dåpsbarnet, Even. Når ein trekk opp popup'en (med den fremste klaffen), vil ein då sjå dette.



Om ein så dreg ut sjølve kortet for å lese gratulasjonen (som her ikkje er skrive på enno), kjem ei ny lita helsing til syne på bakgrunnen i etuiet til kortet. Der valgte eg stempelet "Gode ønsker".
 
 
Kjekt å prøve seg fram med slike ting då :) Lille Even smilte fornøgd og glad på dåpsdagen sin, det er eg heilt sikker på var fordi han fikk popup kort med tanta si ;)

fredag 19. mars 2010

Bursdagskort til Mamsi

Då er det jammen omtrent eit år sidan eg oppretta den bloggen her, så rart å tenke på! Huskar at det første innlegget mitt var om bursdagskortet eg laga til Mamsi då ho blei 60. No har det altså vore bursdag igjen, så då får eg vise kortet eg laga til ho i år òg ;) ideen er henta frå Papirgleder, og det er eit pop-up kort. Måtte gjere ein del endringar i måla for å få det til som eg ville. Har laga eit til av samme typen som eg òg gjerne vil vise fram, for der fant eg ei endå lurare løysing enn eg fekk til her, men eg må vente til det er gitt vekk først ;)


Slik ser det ut i "utgangsposisjon". M for Mamsi :)
Veldig fint papir synes eg, men blei kanskje litt vel mykje krusedullar og fargar til slutt.


Når ein dreg opp det grøne kortet kjem pop-up effekta fram. Artig med slike ting synes eg :) det som er litt dumt, er jo at pop-upen er limt fast i det grøne kortet - det er det som gjer at den funkar. Då har ikkje det kortet så mange andre funksjonar enn det, for det sit jo fast! Eg ville jo helst ha litt plass til å skrive på, så eg laga derfor eit identisk grønt kort som eg la dobbelt med det som er limt fast i resten av kortet. Festa det til det andre grøne med eit band som kan løsnast slik at det kortet kan dragast heilt ut. Det er dette eg har funne ei betre løysing på i ettertid!


Då får eg berre vente på at det neste kortet er levert, slik at eg kan vise fram det òg :)
God helg! :D

onsdag 10. mars 2010

Jenta i mitt liv :)

Dåkke veit jo alle kven mannen i mitt liv er, det er vanskelig å gå glipp av trur eg ;) I dag vil eg skrive litt om jenta i mitt liv - nemleg Martemor!


Ho og eg har kjent kvarandre nokre år no, og det er få som kjenner meg så godt som ho. Det er jo ikkje så rart, for er det nokon som får ein til å ville åpne seg - så er det Marte! Alle burde ha ei slik venninde som ein føler ein kan fortelle absolutt alt til, utan å lure på om ho vil synes ein er rar. Når det er mykje å tenke på for meg, hjelper det alltid å snakke med Marte-mi. Då er alt mykje klarare etterpå.

Tattetus, glad i deg :)

tirsdag 2. mars 2010

Spontan langhelg på Sandane

Har hatt ei fantastisk langhelg på Sandane :) Oppdaga at det var behov for tolk i heimtraktene mine ein av helgedagane. Søster Linda var heime på besøk med mine to tantebarn òg denne helga, så det passa rett og slett perfekt! Det blei ei helg med litt av alt. Litt jobb, litt OL, litt herjing med ungane, litt klapping av nyfødte kalvar og litt kosing med Runar!

Må vise utsikta som møtte oss utanfor døra heime hos Runar ein av kveldane. Snø, fullmåne og majestetiske Ryssdalshornet (fjellet) i blåmørket. Det er rett og slett ganske fint der heime spør du meg :)


Eg ser fram til meir av dette i påska! :)
Sidan det blei nattbuss oppatt til Trondheim på meg, er eg visst allereie klar for å finne senga no. ZzZzZ :)

mandag 22. februar 2010

Ny baby, bleiekort, biltruser og fastelavensbollar!

I helga for vel ei veke sidan var eg i Skjold (ikkje så langt frå Haugesund) og besøkte min nye nevø Even! Han er berre heilt nydeleg :) Liten, mjuk og god, slik babyar har ein tendens til å vere. Eg blei sjølvsagt heilt forelska og var veldig på hugget både i forhald til byssing, bleieskift, gulping osv ;)


Han måtte jo få ei lita velkomen-til-verda-gåve. Det blei eit par bodya (den eine har han på seg på biletet over) og ei sparkebukse. Laga eit enkelt, lite babykort som fulgte med gåva. Prøvde å forme det som ei bleie, med eit uttagbart kort oppi. Det blei sjåande slik ut:


Lille Olav, som no er blitt STOR (storebror må vite!), måtte òg få ei lita gåve. Det blei tre små truser med bilar på, sidan han er 2 år no og dermed snart skal slutte med bleier. Fekk òg nokre bil-strykemerker til å feks ha på dongeribukser det er blitt hol i. Eg trudde han ikkje kom til å like denne gåve så godt, men jammen gikk han ikkje rundt heile helga med både ei og to truser utanpå strømpebuksa mens han delte ut bilmerka til oss voksne og sa: "Alle må få!" Hehe... Han er ein kjempeflink storebror som verken er sjalu eller masar om oppmerksamheit. To fine gutar å besøke der nede med andre ord :)


Det var fastelavens den søndagen eg var der, så då satte vi ei stor bolledeig og laga både vanlege bollar og kanel i svingane. Gode bollar med mykje godt i :) pleier å bruke oppskrifta bakpå den raude tørrgjærpakken. Nam nam nam :) Søstra mi hadde ein knallgod idé om å lage krem med farge i til fastelavensbollane! Det blei ikkje veldig apetitteleg! Bolle med blå/grøn krem, raud jordbærsylte og kvitt melisdryss på toppen :S Eg skal spare dåkke for bilete av det heile. Vi tar dei naturell.



Takk for ei fin helg :) Gledar meg til å sjå dåkke att i påska!

onsdag 17. februar 2010

Mobiltull :)

Noverande mobil: Sony Ericsson C902














1. Gå og finn mobilen din.

2. Gå inn på innboksen din.

3. Bla nedover mens du held knappen inne, og tell til fem. (Start på nytt med dette etter kvart spørsmål.)

4. Skriv den første setninga som svar under kvart av spørsmåla.


--------------------------

Spørsmål 1: Hva ville du ha sagt dersom kjæresten din var utro?
Svar: Eg e på land, men du e reist :(


Spørsmål 2: Hva ville du si til din aller beste venn?
Svar: Takk, Anne Britt :)


Spørsmål 3: Hva er det første du sier om en kompis blir overkjørt av en buss?
Svar: Fint!


Spørsmål 4: Hvilken sms blir du mest glad for?
Svar: Doen er ledig!

Spørsmål 5: Hva sier du til foreldrene dine når du går og legger deg?
Svar: Nei, har fått meg nye venna ;)


Spørsmål 6: Hva ville du rope ut dersom du vant en million?
Svar: So braaa :)


Spørsmål 7: Hva sier du til gud dersom du møter ham?
Svar: Hehe, nåke må eg jo finne på når der ikkje e jobb.. :S


Sender denne utfordringa til : Linn Marthe, Helle, Anette og Emrik, Kathrine og Cecilie :)

mandag 8. februar 2010

Oppskrift på sjokoladecookies


Mange som har ønska seg den oppskrifta her, så dåkke skal få den no! Eg sjølv fekk den av Kathrine :) dei kan på det sterkaste anbefalast :)

Sjokoladecookies

160 g brunt sukker    }
120 g sukker            } Rørast lett og luftig.
160 g smør              }
2 egg - blandast inn eit og eit.
320 g kveitemjøl       }
1 ts vaniljesukker     } Blandast først saman og rørast så inn i resten.
2 ts bakepulver        }
ca 250 g grovhakka sjokolade, gjerne både mørk og lys.

I tillegg kan ein ha i alt frå rosiner, hakka tørka fersken/tranbær, hakka peanøtter/cashewnøtter/mandlar/hasselnøtter... Bruk fantasien :) det kan ikkje bli for mykje!!

Rull deigen i pølser på ca 3 cm i diameter, lengde etter eige ønske (tenk på kor mange du vil steike i ein gong). Frys ned. Ta opp og skjer i ca 1 cm tjukke skiver. Legg utover eit steikebrett og steik på 180* i 10 - 15 min (litt mindre dersom dei er ferske/tina).

Denne deigen er heilt super å ha i frysen til dei gongane ein får overraskande besøk, sjølv skal på besøk til nokon eller berre sjølv har lyst på noko kjapt og veldig godt ein kveld.

Lykke til og nyyyyyt :)

søndag 7. februar 2010

Sommarminner om sommarmat

Eg leita igjennom mobilbildene mine i dag, og fant så mange deilige sommarminner! Det er så kjekt å sjå slike bilder når det er vindte og kaldt og mørkt ute. Då gledar eg meg slik til sommar og lysare tider :) og med det følger god mat som ein gjerne kan ete ute! I fjor sommar var eg og Runar veldig flinke til å finne på slike mataktivitetar ute. Det skal definitivt bli meir av det no til sommaren igjen! :)


Først litt sommardessert. Friske jordbær er jo noko av det beste som finnast! Nam nam :)


Og bringebær med melis og fløyte er jo himmelsk :)


Mmmmh! Olivenbrød med spekeskinke, mozarella, avocado og cherrytomat. Deilig strandmat :)


Og til slutt, mitt aller beste sommarminne: Pannekaker med bacon og heimelaga blåbærsylte. Det laga vi på hytta til Runar sin familie på Ryssdalsstøylen, med primus og greier :) det var heilt nydelig, og utrulig koselig :) Kjempefin utsikt over bygda frå støylen mens sola gikk ned. Hytte er stas, og Runar-selskap er veldig stas ;)

No er eg klar for sommar igjen!! Får prøve å nyte siste rest av vinteren mens eg ventar :)

torsdag 14. januar 2010

Award! Hurra!




Camilla har vore sååå søt og gitt meg en liten award! Eller, den e stor i mine auger då!!
"Kreativ Blogger-award" :D Utruleg stas, synes eg.

Til denne awarden følger det med nokre oppgåver. Og dei tenkte eg no at eg skulle starte på!




Oppgåvene er som følger:

Dei to første er greie:
1: Kopier awarden på bloggen din. - check!
2: Link til personen som gav deg awarden. - check!

Men så blir det verre:
3: Fortell 7 interessante fakta om deg selv.
Om dei blir så veldig interessante veit eg ikkje, men skal prøve...
(1) Er skikkelig redd for vaskekjellaren i blokka mi, for eg trur det bur ein skummel mann i ei svær pappøskje inne på lagerrommet der nede.
(2) Snakka ofte med meg sjølv i spegelen når eg er nervøs, feks viss eg skal tolke noko vanskelig, kan eg stå og spele ut situasjonen slik eg trur den blir for meg sjølv.
(3) Likar godt det vante, og har feks fast morgenrituale. Kan ikkje føne håret før eg har smurt matpakken og sminka meg liksom - hallooo!
(4) Når Runar er vekke, seier eg hadet inni meg til bildet av Runar og meg sjøl som heng i gangen, kvar morgon når eg skal på jobb. Berre litttt forelska nemlig... ;)
(5) Snakkar ein god del i søvne, og vi har derfor ei bok der vi blant anna skriv ned morsomme ting som er komt opp frå oss begge i løpet av natta.
(6) Skryt på meg å vere bestevenn med Sylfest Lomheim, men sannheita er vel berre at eg sat ved sidan av han og åt lunsj på ein konferanse der eg tolka han.
(7) Blir så skremt av skumle filmar (berre eg som synes dei er skumle vel å merke), at eg kan finne på å hoppe i setet, slå armane ut og søle popkorn over meg sjølv og andre i kinosalen.

Puh! Då blir det enklare igjen:
4: Velg 7 andre bloggere som du sender awarden videre til.
5: Link til deres blogger.
6: Legg igjen en kommentar i bloggen deres, så de får vite om awarden.

Mine utvalgte er:
(1) Kathrine si verd
(2) Hellechr
(3) Cille's lille blogg
(4) Heimlaga
(5) Frøken IJs lille boble
(6) Litt-av-kvart
(7) Og so må eg berre gi awarden tilbake til Camilla Jin, for ho er så flink, men ho skal sleppe å ta utfordringa ein gong til altså ;)
 
Då gledar eg meg til å sjå kva som kan dukke opp på dåkka side etter kvart! :)

onsdag 13. januar 2010

Forsøk på å vere godt kjerringemne

Denne veka har eg hatt eit par frikveldar utan planar. Eg fant ut at no måtte skuldrar og armar få kvile litt, så hekling blei det ikkje so mykje av. Baking blei heller det eg sysselsatte meg med! Og det var jammen kjekt :) Laga først noko sunt og godt, nemlig grove rundstykke (eller knutar då). Hadde sammalt grov kveitemjøl, solsikkekjerner og linfrø i deigen, i tilleg til sammalt fint kveitemjøl. Nam!



Så blei det samtidig ei finare deig med berre litt sammalt grov kveitemjøl i og ellers fetaost med tørka tomat og oliven. På toppen dryssa eg Urtemix frå Tilbords, og ost :) Kjempegodt med slike brødpinnar til suppe, salat, pasta osv. Eller berre med pålegg sjølvsagt :)



Dag nr 2 måtte eg jo prøve å vege opp for den i alle fall halvveis sunne gårsdagen. Sjølvsagt. Korleis? Jo, ved å bake sjokoladecookies!! Oppskrifta har eg frå Kathrine, og den er så utrulig god og praktisk! Ein kan lage ein stor porsjon deig, og så fryse ned det ein ikkje vil steike med ein gong. Så når det plutselig kjem venner uanmeldt på besøk, har ein noko godt i frysaren som berre er å plukke fram og hive i ovnen - uten tining først! Eg lagde dobbel porsjon og endte opp med 8 rullar på ca 20 cm. Av "fyll" hadde eg i hakka lys og (litt) mørk sjokolade, litt hakka cashewnøtter og rosiner. Hadde egentlig tenkt å ha i tørka fersken, men det hadde eg visst ikkje i skuffa likevel. Det får bli neste gong :)



Slik ser deigrullen ut, før den blir pakka i matpapir og/eller plast og lagt i frysaren. Eller skåren opp, steikt og ete...... ;)




Og slik ser dei ut når dei er ferdige - mmmh... Kan love at det smakte!! :)
Runar kjem til byen på fredags morgon, og no har eg altså både frukosten og kveldskosen klar! Så, høyrte eg nokon seie bra koneemne? Kremt...



Med ein kopp te til, blei det veldig koslig å sette seg ned forran TV'en. Og som de ser blei det litt hekling likevel :S Har begynt på ei hue med øyreklaffar i deilig alpakka til turgåing. I tillegg lagde eg nokre søte blomster av restegarn som eg sydde fast ei nålspenne bakpå. Brukar å feste dei på hua, gensaren eller jakka - så får ein pynta opp eit ellers kjedeleg tolkeantrekk ;)


lørdag 9. januar 2010

Romjulstur til søstrene på sør-vestlandet :)

Når jula var over, måtte Runar dra ut på havet for å jobbe litt igjen. Då dro eg, mamma og pappa til Skjold for å besøke eldstesøster Sølvi og co ein kort tur, for så å reise vidare til Sandnes til mellomstesøster Linda og familien. Der blei det blant anna eit koslig besøk til Soma Gård, ein åpen gård i Sandnes. Tantebarna mine, Signe på 4 år og Tormod på 2 år, kosa seg veldig med å gå rundt for å sjå på dyra. Tobben likte spesielt godt grisane og ville helst vere i binga hos dei heile tida, men turte ikkje heilt å ta i dei ;) då er det godt å ha ei litt tøffare storesøster å gøyme seg bak!



Eg likte best kalvane, dei var tame og glade i kos! :)
Og legg merke til dei fine, raude Ilse Jacobsen-støvlane mine - dei fekk eg nemleg med Runar til jul!! I love them!! Og han sjølvsagt ;)



Så blei det hopping i høyet for ungane sin del. Langt ned for minstemann, men han hoppa modig uti når mora stod klar for å ta imot. Trur faktisk han kunne funne på å hoppa uti heilt aleine òg :S





Takk for fine dagar :)
No er eg ferdig med første jobbveka i 2010 og er veldig glad for helg! Tungt å komme igong, reknar med det er slik for fleire andre? Men neste veke blir nok bedre igjen. Då kjem Runar heim òg, det er STOR stas! :)

onsdag 6. januar 2010

Juleminner som gjer ein varm :)

I denne kuldeperioden vi er inne i no, hjelper det å sjå tilbake på bilda frå jula :) eg vil vise litt av det eg har styrt med i advent og jula. Det blei nokre få julekort, berre til mine to systre og mamma/pappa. Neste år får eg kanskje heller lage fleire, men litt enklare kort, slik at nokre vennar her og der i landet òg får ;) kortet fant eg oppskrift på på Kreativ Hobby sine heimesider.





Her har eg brukt borrelås-merker for å holde kortet saman (plassert på undersida av arket der blomsten er). Det var ein litt morsom vri syntes eg :) går òg an å bruke ein fin binders e.l. sjølvsagt.

Laga òg tre slike cover-kort til sjokoladeøskjene "Melkehjerter". Laga ei lomme under oversida som eg kunne putte eit påskreve kort inni. Drar det ut på høgre side der med dei to kvite blomstrane.



Kosleg å pakke inn gåver og lage til-frå lappar :) Camilla fekk meg til å få heeeeilt dilla på vintage-bilder i adventstida, så det blei slik stil på alt eg laga av kort og slikt til jul ;)



I ein av pakkane til Runar var desse heimelaga tøflene ;) varme og gode om ikkje anna.



Fredag 18. desember var det endelig tid for juleferie :D Då satte eg og Runar oss i bilen og køyrde heim til Sandane ilag. Lang tur på 7,5 timar, men med godt selskap er ikkje det nokon distanse ;) Måtte pynte litt til jul i huset til Runar, så då blei det eit par lysfat.





Ein kveld laga og pynta vi peparkaker ilag med lillesystra til Runar, Ragnhild. Det var stor stas! :D Hengte opp litt hjerter i vindauga, feks det eg har laga under ;) Det var langt frå det finaste, dei var det nemleg Runar som fikk til! Men for å få vist fram dei må han lage sin eigen blogg... ;) (høyrte eg nokon seie misunneleg...??)



Så til eit av julas høgdepunkt: Hogging av juletre på lille julafta :D Det var verkeleg stor stas, mykje av julestemninga kom på plass då :) Vi fant ei veldig fin furu (tradisjon i Runar sin familie) som fekk bli med oss heim i stova.





Treet måtte jo pyntast, og det blei eit skikkelig retro-tre!! Vi brukte den julepynten som var på loftet hos Runar, som har tilhøyrt beste- og oldeforeldra hans. Der var jammen mykje artig og fint! :) biletet er ikkje av nokon god kvalitet, det er tatt utan blitz sidan juletrea mistar sin sjarm i flombelysning...



Då var alt klart for julekos :) mi eldste søster Sølvi kom heim med mannen Oddvar, min nevø Olav på to år og ein foreløpig ufødt liten baby i magen ;) Olav synes Runar er ein veldig kjekk kar sidan han har gård med store traktorar og gravemaskin og andre spanande køyretøy. Han tok til og med med seg to blad med fine bilete av John Deere- og Massey-traktorar og -tilbehør som Olav fikk, og betre enn det kan det rett og slett ikkje bli! Han har full kontroll på både skurtreskar, rundballepresse og alt det andre. Såg litt på fuglane ute gjor dei òg. To fine gutar - eller kva? :)