onsdag 6. januar 2010

Juleminner som gjer ein varm :)

I denne kuldeperioden vi er inne i no, hjelper det å sjå tilbake på bilda frå jula :) eg vil vise litt av det eg har styrt med i advent og jula. Det blei nokre få julekort, berre til mine to systre og mamma/pappa. Neste år får eg kanskje heller lage fleire, men litt enklare kort, slik at nokre vennar her og der i landet òg får ;) kortet fant eg oppskrift på på Kreativ Hobby sine heimesider.





Her har eg brukt borrelås-merker for å holde kortet saman (plassert på undersida av arket der blomsten er). Det var ein litt morsom vri syntes eg :) går òg an å bruke ein fin binders e.l. sjølvsagt.

Laga òg tre slike cover-kort til sjokoladeøskjene "Melkehjerter". Laga ei lomme under oversida som eg kunne putte eit påskreve kort inni. Drar det ut på høgre side der med dei to kvite blomstrane.



Kosleg å pakke inn gåver og lage til-frå lappar :) Camilla fekk meg til å få heeeeilt dilla på vintage-bilder i adventstida, så det blei slik stil på alt eg laga av kort og slikt til jul ;)



I ein av pakkane til Runar var desse heimelaga tøflene ;) varme og gode om ikkje anna.



Fredag 18. desember var det endelig tid for juleferie :D Då satte eg og Runar oss i bilen og køyrde heim til Sandane ilag. Lang tur på 7,5 timar, men med godt selskap er ikkje det nokon distanse ;) Måtte pynte litt til jul i huset til Runar, så då blei det eit par lysfat.





Ein kveld laga og pynta vi peparkaker ilag med lillesystra til Runar, Ragnhild. Det var stor stas! :D Hengte opp litt hjerter i vindauga, feks det eg har laga under ;) Det var langt frå det finaste, dei var det nemleg Runar som fikk til! Men for å få vist fram dei må han lage sin eigen blogg... ;) (høyrte eg nokon seie misunneleg...??)



Så til eit av julas høgdepunkt: Hogging av juletre på lille julafta :D Det var verkeleg stor stas, mykje av julestemninga kom på plass då :) Vi fant ei veldig fin furu (tradisjon i Runar sin familie) som fekk bli med oss heim i stova.





Treet måtte jo pyntast, og det blei eit skikkelig retro-tre!! Vi brukte den julepynten som var på loftet hos Runar, som har tilhøyrt beste- og oldeforeldra hans. Der var jammen mykje artig og fint! :) biletet er ikkje av nokon god kvalitet, det er tatt utan blitz sidan juletrea mistar sin sjarm i flombelysning...



Då var alt klart for julekos :) mi eldste søster Sølvi kom heim med mannen Oddvar, min nevø Olav på to år og ein foreløpig ufødt liten baby i magen ;) Olav synes Runar er ein veldig kjekk kar sidan han har gård med store traktorar og gravemaskin og andre spanande køyretøy. Han tok til og med med seg to blad med fine bilete av John Deere- og Massey-traktorar og -tilbehør som Olav fikk, og betre enn det kan det rett og slett ikkje bli! Han har full kontroll på både skurtreskar, rundballepresse og alt det andre. Såg litt på fuglane ute gjor dei òg. To fine gutar - eller kva? :)


10 kommentarer:

  1. Herlig oppsummering av ei koselig jul! Kortene og melkehjerteeskene ble bare helt fantastisk nydelige! Og jeg kan tenke meg at lysfatene gjorde seg i huset til Runar;-) herved tror jeg jeg skal kalle deg anneflinkisbritt:-)

    klem, camilla jin

    SvarSlett
  2. det er veldig kos å lese om jula di. jeg husker godt da vi var på peppes. bare så inderlig synd at det er så sjelden vi skal få møtes. mamma savner deg masse sier hun til meg

    SvarSlett
  3. Fint om du kan døype meg om Camilla! Eg kan bli sånn som han dere Espen Thoresen Hværsaagod Takkskalduha.. :S

    Veldig koslig å lese om di jul også Emrik, alltid moro når du har lagt ut noko nytt :) hels mamsen og sei at eg gleda meg masse masse til neste treff, dåkke e så gode :)

    SvarSlett
  4. Anneflinkisbritt har blitt såååå bondejente!
    Passer bra til det da. :)

    - Ole

    SvarSlett
  5. Flinka! Dei sjokoladehjertejulekorta var bare fantastiske! :D
    Og dei tøflene der såg ekstra gode ut! Fint med brun kant rundt! Heldige Runar som har so flink kjæreste!

    SvarSlett
  6. Bondejente ja! Reine budeia :)
    Dei tøflene veit eg om ei jente i Langevåg som har nokre eksemplar av i heimen ;) takk for oppskrifta Kathrine! :)

    SvarSlett
  7. Du Kathrine, det du seier medførar riktigheit :), også ang. tøflane!

    SvarSlett
  8. Eg likar å ha riktig! :) Og eg likar tøfler. Og eg likar budeie-Britt og traktor-Runar. :) *løøøøvvv*

    SvarSlett
  9. Fantastisk fine tøfler, og velkommen i laje! Helsing Ryssdalen bondekvinnelag.

    SvarSlett
  10. Hahaha... Morsomt Oddvar :) eg gikk jammen fem på!

    SvarSlett