mandag 8. februar 2010
Oppskrift på sjokoladecookies
Mange som har ønska seg den oppskrifta her, så dåkke skal få den no! Eg sjølv fekk den av Kathrine :) dei kan på det sterkaste anbefalast :)
Sjokoladecookies
160 g brunt sukker }
120 g sukker } Rørast lett og luftig.
160 g smør }
2 egg - blandast inn eit og eit.
320 g kveitemjøl }
1 ts vaniljesukker } Blandast først saman og rørast så inn i resten.
2 ts bakepulver }
ca 250 g grovhakka sjokolade, gjerne både mørk og lys.
I tillegg kan ein ha i alt frå rosiner, hakka tørka fersken/tranbær, hakka peanøtter/cashewnøtter/mandlar/hasselnøtter... Bruk fantasien :) det kan ikkje bli for mykje!!
Rull deigen i pølser på ca 3 cm i diameter, lengde etter eige ønske (tenk på kor mange du vil steike i ein gong). Frys ned. Ta opp og skjer i ca 1 cm tjukke skiver. Legg utover eit steikebrett og steik på 180* i 10 - 15 min (litt mindre dersom dei er ferske/tina).
Denne deigen er heilt super å ha i frysen til dei gongane ein får overraskande besøk, sjølv skal på besøk til nokon eller berre sjølv har lyst på noko kjapt og veldig godt ein kveld.
Lykke til og nyyyyyt :)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Jeg skal lage! Men du må gjerne komme på besøk igjen og lage de her også:) Forresten så kan du komme på besøk når du vil...for du er den søteste jeg kjenner til! (Litt rim på slutten gjør seg alltid;))
SvarSlettKlem Marte
Jippi! Oppskriften!! Den gleder jeg meg til å lage:)
SvarSlettNora
Aaah, der er de igjen! Må sannelig teste ut denne oppskriften snart! Skal jo ha med noe (hjemme)bakt til karnevalet neste helg, så da passer jo disse perfekt! Blir vel noe annet enn de kjedelig muffinsene jeg stiller med hver eneste gang til slike tilstelninger.. ;)
SvarSlettTakk som deler!
klem, camilla
Gudd løkk alle tre! :)
SvarSlettHar noe til deg på bloggen min;)
SvarSlettHåper du koser deg masse med lille E!!
Klem, c