I helga for vel ei veke sidan var eg i Skjold (ikkje så langt frå Haugesund) og besøkte min nye nevø Even! Han er berre heilt nydeleg :) Liten, mjuk og god, slik babyar har ein tendens til å vere. Eg blei sjølvsagt heilt forelska og var veldig på hugget både i forhald til byssing, bleieskift, gulping osv ;)
Han måtte jo få ei lita velkomen-til-verda-gåve. Det blei eit par bodya (den eine har han på seg på biletet over) og ei sparkebukse. Laga eit enkelt, lite babykort som fulgte med gåva. Prøvde å forme det som ei bleie, med eit uttagbart kort oppi. Det blei sjåande slik ut:
Lille Olav, som no er blitt STOR (storebror må vite!), måtte òg få ei lita gåve. Det blei tre små truser med bilar på, sidan han er 2 år no og dermed snart skal slutte med bleier. Fekk òg nokre bil-strykemerker til å feks ha på dongeribukser det er blitt hol i. Eg trudde han ikkje kom til å like denne gåve så godt, men jammen gikk han ikkje rundt heile helga med både ei og to truser utanpå strømpebuksa mens han delte ut bilmerka til oss voksne og sa: "Alle må få!" Hehe... Han er ein kjempeflink storebror som verken er sjalu eller masar om oppmerksamheit. To fine gutar å besøke der nede med andre ord :)
Det var fastelavens den søndagen eg var der, så då satte vi ei stor bolledeig og laga både vanlege bollar og kanel i svingane. Gode bollar med mykje godt i :) pleier å bruke oppskrifta bakpå den raude tørrgjærpakken. Nam nam nam :) Søstra mi hadde ein knallgod idé om å lage krem med farge i til fastelavensbollane! Det blei ikkje veldig apetitteleg! Bolle med blå/grøn krem, raud jordbærsylte og kvitt melisdryss på toppen :S Eg skal spare dåkke for bilete av det heile. Vi tar dei naturell.
Takk for ei fin helg :) Gledar meg til å sjå dåkke att i påska!
Kor fine bolle! Vi i Ryssdalen bondekvinnelag gleda høss til det er din tur til å halde møte! Gubba!
SvarSlettGratulerer med enda et nytt tantebarn! Han var kjempe skjønn!! OG så skjønn Olav og var!! Heldig du som har sånne flotte nevøer! Og ikke minst niese :) Og de er jo seff også kjempe heldig som har deg som tante!!
SvarSlettEg kommer forresten opp til Trondheim neste helg.. Kanskje vi sees!
Klem Kathrine
Smelt, så skjønn! Gratulerer så mye som tante til to å fine gutter:)
SvarSlettnora
Gubba! :D bollar skal bli Noddy ;)
SvarSlettÅhh gratulerer med nevøer nr. 3 :) WOW Olav er blitt storegutt, siste jeg så han, vil jeg tro at han var bare halvår ( riktig?). Nytdelig gutt!
SvarSlettÅh nam nam nam boller!!! Kanskje blir det i huset ikvelden, hehe.
Må bare rose for flott baby-kort. Din kreativ øker!!! Sukk! hehe.
Fint kort! Send meg malen, sånn at eg kan late som eg har komt på det heilt av meg sjølv :)
SvarSlettLindus
Ja, han er jammen søt Helle! Sist du så han var han nok bare et halvt år ja :) nå er han stor gutt med sterk vilje! Fremdeles like glid og sjarmerende som før :)
SvarSlettHadde vært artig å møte Christoffer igjen, det er jo snart ett år siden jeg har sett han!! Blir jo snart stor storebror han også :)
Eg hadde en mal, men det blei ikkje til at eg fulgte den, teite mål syns eg. Men du får sjå på det eg har laga i dag når du er hos Sølvi, og so prøve litt sjølv ;)
SvarSlettGratulerer med nytt tantebarn, regner med at det er stas. Så er det jo så gode og myke og lukter deilig :) Bollene så gode ut de også, gjærbakst er skikkelig godt :)
SvarSlettGratulerer så masse som tante igjen. Riktig noen skjønne gutter begge to ser jeg. Skjønn tante de har også da :)
SvarSlettKari
Det ER so herlig med ny baby! :D So fint teppe han hadde. Eg har lyst å strikke eit sånt - eller - eg har lyst at nokon skal strikke eit sånt til min neste baby. ;o)
SvarSlettOlavgutten har blitt STOR jo. Går det SO fort?
Eg savna Anne Britt-bolla... *sikle*
(Og konditorfarge i krem og risengrynsgraut er virkelig eit sjakktrekk..!)
Takk takk :)
SvarSlettJa, deilig og fint teppe! Du strikkar eit slikt sjølv du i ein fei ;) Rart å tenke på kor fort det går ja, dei er jo barn no alle ihop (bortsett frå nye Even då), dei var jo nettopp baby! Stas når dei begynner å snakke litt og slikt :) har lært litt tegn av tante Britt, spesielt Signe er flink å huske dei :)
Så herlige tantebarn du har! Gratulerer med den nyeste:)
SvarSlettFlott kort du har laget også. Jeg har lagt i dvale en stund på scrappefronten, men kjenner at det begynner å krible litt i fingrene. Hadde vært så kjekt med scrappeaften-reprise!
Blir ikke det samme uten deg vet du!!!
Jeg og Helle har hatt mange koselige kvelder og ikke minst en hel helg på hytta med bare scrapping! Gøy:)
Klem C
Det høres utrolig koslig ut! God idé, må prøve å få til noe slikt selv en gang. Hadde vært koslig med scrappeaften i Ålesund ja, det var kjekke tider det! :) et kurs hadde gjort seg også, litt påfyll!
SvarSlett