mandag 12. april 2010

Dåpskort

Då var påska over og dermed er òg dåpen til min nye nevø Even gjort unna. Det var han som skulle få det andre popup-kortet eg hadde laga, med ein noko betre effekt enn det forrige.


Det eg gjor denne gongen var å lage to flippar som kan dragast opp. Den fremste flippen vart som før, det er den popup-effekta er limt fast i og kan derfor ikkje dragast heilt ut. Eg gjor sjølve flippen som stikk opp smalare enn sist. Slik ser det ut innvendig:


Den bakerste flippen derimot, er laus og kan trekkast heilt ut og skrivast ei helsing på. På dette kortet skreiv eg nederst navnet på dåpsbarnet, Even. Når ein trekk opp popup'en (med den fremste klaffen), vil ein då sjå dette.



Om ein så dreg ut sjølve kortet for å lese gratulasjonen (som her ikkje er skrive på enno), kjem ei ny lita helsing til syne på bakgrunnen i etuiet til kortet. Der valgte eg stempelet "Gode ønsker".
 
 
Kjekt å prøve seg fram med slike ting då :) Lille Even smilte fornøgd og glad på dåpsdagen sin, det er eg heilt sikker på var fordi han fikk popup kort med tanta si ;)

4 kommentarer:

  1. Sukk sukk sukk, for et finnnnnnnt kort du har lagt. Forstår så godt at Even var så glad for kortet, hehe. Hvor har du fått inspirasjon fra? gleder meg å se flere kort senere :)

    SvarSlett
  2. Takk :) Fikk ideen fra samme som det andre kortet jeg blogget om sist gang, på Papirgleder.no. Bare videreutviklet den litt. Gleder meg til å se mer fra deg også! Håper alt er bra der hjemme med den nye jenta i hus!

    SvarSlett
  3. Kan ikkje du komme tilbake hit, so kan vi scrappe på familieminner? :) Eg kjem ikkje i gang heilt av meg sjøl...Trenge DEG! ;o)

    SvarSlett
  4. Ååh, det hadde vore så koslig!! Savna virkelig å sitte der og prate og scrappe. Det blei dessverre ikkje så mykje scrapping då men ;) myyyykje koslig prat då!!

    SvarSlett