fredag 19. mars 2010

Bursdagskort til Mamsi

Då er det jammen omtrent eit år sidan eg oppretta den bloggen her, så rart å tenke på! Huskar at det første innlegget mitt var om bursdagskortet eg laga til Mamsi då ho blei 60. No har det altså vore bursdag igjen, så då får eg vise kortet eg laga til ho i år òg ;) ideen er henta frå Papirgleder, og det er eit pop-up kort. Måtte gjere ein del endringar i måla for å få det til som eg ville. Har laga eit til av samme typen som eg òg gjerne vil vise fram, for der fant eg ei endå lurare løysing enn eg fekk til her, men eg må vente til det er gitt vekk først ;)


Slik ser det ut i "utgangsposisjon". M for Mamsi :)
Veldig fint papir synes eg, men blei kanskje litt vel mykje krusedullar og fargar til slutt.


Når ein dreg opp det grøne kortet kjem pop-up effekta fram. Artig med slike ting synes eg :) det som er litt dumt, er jo at pop-upen er limt fast i det grøne kortet - det er det som gjer at den funkar. Då har ikkje det kortet så mange andre funksjonar enn det, for det sit jo fast! Eg ville jo helst ha litt plass til å skrive på, så eg laga derfor eit identisk grønt kort som eg la dobbelt med det som er limt fast i resten av kortet. Festa det til det andre grøne med eit band som kan løsnast slik at det kortet kan dragast heilt ut. Det er dette eg har funne ei betre løysing på i ettertid!


Då får eg berre vente på at det neste kortet er levert, slik at eg kan vise fram det òg :)
God helg! :D

5 kommentarer:

  1. Fiiint! Du e rett og slett bare den flinkaste kortlageren eg veit om! :) Heldige mamsi so får so fine kort kvart år!

    SvarSlett
  2. Kjempefint, Anne Britt! Huskar ikkje heilt, men trur ikkje det er laga til ho blei like fint.... :-) Gledar oss til fredag når du kjeme på besøk!
    Sølvi

    SvarSlett
  3. det EG laga, skulle det vere... Sølvi

    SvarSlett
  4. Takk :)
    Gledar meg til fredag eg òg, veldig reiseklar no! Blir koslig med påskefri og barnedåp :)

    SvarSlett