søndag 5. april 2009

Mamsi 60 år :)

Mamma blei 60 år den 18. mars, og i den anledning har eg laga eit lite kort-album til ho. Det tok litt lang tid, kanskje mest fordi eg er nybegynner, men det var veldig enkelt! Fekk oppskrifta på Familieminner (ein flott scrappebutikk her i Ålesund). Fornøgd med resultatet, håpar Mamsi blir glad for å få det også :)

Dette er framsida. Heile albumet er lukka og knytta sammen med eit sløyfeband.



Slik ser kort-albumet ut ovenfra når det er åpna og innsida vender ut. Framsida og baksida vender mot kvarandre og er knytta sammen med bandet slik at kortet held seg åpent.


Under er alle sidene med bilder, tekst og pynt. Dumt at eg skriv på nynorsk sjølv, mens tekstane på stempela er på bokmål. Men eg sviktar ikkje nynorsken av den grunn ;) kanskje eg skal starte mitt eige stempelmakeri med nynorske tekstar? Hehe... Så viktig er det kanskje ikkje.



5 kommentarer:

  1. WOW, det er da så flott resultatere!!! Har mamsi fått det? Hun blir sikker glad og kanskje får hun litt "rådyr-tårer" frem :) SÅ FLOTT FLOTT FLOTT!!! Du er Flink!!!

    SvarSlett
  2. Mamma har ikkje fått den endå nei, drar heim i måra. Gleda meg til å vise fram ;) ho skal få te og sjokolade fra Chocolatte også - nam nam! Og så har eg og søstrene mine kjøpt gave sammen også. Takk for ros :D

    SvarSlett
  3. Kjempe fint kort du har laget:) skjønner det tok kjempe lang tid, men håper det var verdt strevet!
    Håper det ellers går bra med deg:) Klem fra Katta

    SvarSlett
  4. D va kjempeflott:) Men ka om mor di sjekka sida her før du kjem heim?

    SvarSlett
  5. Takk :) mamsen ekje så datainteressert av seg, og ikkje hadde ho fått vite om bloggen min heller - så ingen fare ;) kom heim til Sandane i går og gav mamsi kort-albumet, ho blei veeeldig glad :D anbefalast å bruke tid på slikt!

    SvarSlett