tirsdag 28. april 2009

Tulletante og tullejente

Koffor er det slik at eg alltid har lyst å blogge når eg egentlig ikkje har tid? :) jaja.. Tenkte eg skulle legge ut bilder av en type panneband eg laga i påska til meg og det herlige tantebarnet mitt. Oppskrifta fikk eg av Kathrine, trur ho fant den i nåken andre sin Blogg. Fekk sjå henna produkt først og MÅTTE lage det sjøl etterpå ;) Kjempedigg panneband i Alpakka (Mirasol) som er breidt framme og smalna inn bakover. Syr i en knapp bak og vidda kan derfor justerast - det er fleire knappehol innover. Både eg og niesa mi har brukt det mykje :) må lage ett til i LILLA til meg sjøl ;)

Lat formiddag i påska - Bonanza står på i bakgrunnen! Små-harry ;)



I påskefjellet - vi var nemlig aktive også! Signe var veldig flink å gå på ski, men syns nok at det aller kjekkaste var å få sitte på akebrettet mens tanta på ski drog ho etter seg. Her tar vi en pust i bakken og ete sjokolade. MASSE sjokolade :P

søndag 5. april 2009

Mamsi 60 år :)

Mamma blei 60 år den 18. mars, og i den anledning har eg laga eit lite kort-album til ho. Det tok litt lang tid, kanskje mest fordi eg er nybegynner, men det var veldig enkelt! Fekk oppskrifta på Familieminner (ein flott scrappebutikk her i Ålesund). Fornøgd med resultatet, håpar Mamsi blir glad for å få det også :)

Dette er framsida. Heile albumet er lukka og knytta sammen med eit sløyfeband.



Slik ser kort-albumet ut ovenfra når det er åpna og innsida vender ut. Framsida og baksida vender mot kvarandre og er knytta sammen med bandet slik at kortet held seg åpent.


Under er alle sidene med bilder, tekst og pynt. Dumt at eg skriv på nynorsk sjølv, mens tekstane på stempela er på bokmål. Men eg sviktar ikkje nynorsken av den grunn ;) kanskje eg skal starte mitt eige stempelmakeri med nynorske tekstar? Hehe... Så viktig er det kanskje ikkje.



Bloggaren Anne Britt

Då er eg i gang med min eigen blogg! Det blir neppe ei veldig fancy side, men alt eg treng er egentlig ein plass å dele idear til handarbeid med venner og familie. Gledar meg til å sjå korleis dette fungerer :)